tirsdag 15. september 2009

BIO232, anvendt miljømikrobiologi

Då våre planlagte prosjekter i GEO220 og THT281 (sjå søknad i innlegg #1) foreløbig ikkje har vorte realiserte ennå, kjem herved bloggens faglige alibi, for anledningen innan fagfeltet miljø-mikrobiologi.

Bilete under er tatt av ei luftprøve frå teltet.



Agar: Malt
Eksponeringstid: 2 minutt
Inkubasjonstid: 11 dagar
Inkubasjonstemperatur: Sterkt varierende, kan modellerast som T(t) = 6,3 + z x 7,2 x cos(t x pi/12 + 4,2), der

T er temperatur, målt i grader Celsius
x er gangeteikn
t er klokkeslett målt i timar
z er væravhengig, typisk mellom 0,8-1,3

På søndag kom eg tilbake til teltet seint i kveldinga. Med det formål å få i meg litt kveldsmat åpna eg den store matboksen i teltet, og fann posen med gulrøter.
Utan på førehand å ha tent tilstrekkelig med ljoskjelder i teltet, satte eg meg til å knaske i vei på ei gulrot, før eg relativt snart kjende ein guffen, søtlig smak. At gulrøter smakar søtt er sjeldan eit godt teikn.

Eg tok bilete av posen med gulrøter i dagslys, og den såg slik ut.



Aldri, ALDRI, lat vere å oversjå åtvaringar frå luft-prøver som viser tydelig soppvekst i omgivnadane!

2 kommentarer: