tirsdag 15. september 2009

BIO232, anvendt miljømikrobiologi

Då våre planlagte prosjekter i GEO220 og THT281 (sjå søknad i innlegg #1) foreløbig ikkje har vorte realiserte ennå, kjem herved bloggens faglige alibi, for anledningen innan fagfeltet miljø-mikrobiologi.

Bilete under er tatt av ei luftprøve frå teltet.



Agar: Malt
Eksponeringstid: 2 minutt
Inkubasjonstid: 11 dagar
Inkubasjonstemperatur: Sterkt varierende, kan modellerast som T(t) = 6,3 + z x 7,2 x cos(t x pi/12 + 4,2), der

T er temperatur, målt i grader Celsius
x er gangeteikn
t er klokkeslett målt i timar
z er væravhengig, typisk mellom 0,8-1,3

På søndag kom eg tilbake til teltet seint i kveldinga. Med det formål å få i meg litt kveldsmat åpna eg den store matboksen i teltet, og fann posen med gulrøter.
Utan på førehand å ha tent tilstrekkelig med ljoskjelder i teltet, satte eg meg til å knaske i vei på ei gulrot, før eg relativt snart kjende ein guffen, søtlig smak. At gulrøter smakar søtt er sjeldan eit godt teikn.

Eg tok bilete av posen med gulrøter i dagslys, og den såg slik ut.



Aldri, ALDRI, lat vere å oversjå åtvaringar frå luft-prøver som viser tydelig soppvekst i omgivnadane!

fredag 4. september 2009

Waterfall

Nå har teltet fått eiga vassforsyning. Ein tank, eit tre, ein vask, samt ein hageslange er sett saman. Trykket er bra, men på grunn av ein haug med farlige plaststoffer i slangen smakar vannet heller dårlig. Det er vel neppe sunt heller, så foreløbig er ikkje vasken brukt til næringsmiddel.




Elles fekk me her om dagen hjelp av Anne Guri og Kristian til å snu teltet.



I går fekk me ein fantastisk radio av Bjørg og Håkon. Den hadde solcellepanel og sveiv, rett å slett ideell for ein bustad utan straum:) Tusen takk!